Den første Freedom Drive etter pandemien er gjennomført. – Det har gjeve meg motivasjon til å fortsette kampen for likestilling her heime, sa Henriette Nielsen frå Uloba.
– Vi funksjonshemma er utolmodige. Våre menneskerettar skulle vore oppfylt i går, ikkje i morgon. Vi krev endring no! sa politisk rådgjevar Martine Eliasson under årets Freedom Drive.
Både Eliasson og Henriette Nielsen heldt innlegg på den største samankomsten for europeiske funkisaktivistar, Freedom Drive, på vegner av Uloba.
Les TV 2 si sak om Freedom Drive, med Martine Eliasson (ekstern lenke)
Spydspissar frå heile Europa
Etter å ha reist gjennom Tyskland og Nederland var Ulobas delegasjon endeleg kome til Brüssel, Belgia Måndag 26. september. Det var endeleg mogleg for Uloba-spydspissane å treffe medlemmer i våre europeiske Independent Living-medorganisasjonar, knyte kontakter og saman kjempe for likestilling. I 2022 feirar Det europeiske Independent Living-nettverket ENIL og heile rørsla 50 år med Independent Living.
– Freedom Drive for meg betyr mykje, fordi vi får jobbe med aktivisme og medaktivistar på tvers av landegrensene. Det har gjeve meg motivasjon til å fortsette kampen for likestilling her heime, sa Henriette Nielsen.
Gravfølge
Årets Freedom Drive-parade frå Parc du Cinquantenaire i Brussel og ned til EU-parlamentet, blei eit gravfølge. Hundrevis av funksjonshemma marsjerte til minne om alle som har mista livet under pandemien og under krigen i Ukraina. Paradegåarar bar gravsteinar i papp og store banner med påskrifta “Don’t bury our human rights!”, eller “Ikkje gravlegg menneskerettane våre!”.
Rundt oss pøste regnet ned. Og fremst i paraden var ein diger blomsterkrans.
– De er viktige, de er nok! Og vi er så takksame for at vi har dykk med oss, sa funkisaktivist Clementine Willow Doevendans under apellane før paraden.
Tidlegare ENIL-president Jamie Bolling heldt apell om at det blir nytta EU-middel til å byggje institusjonar i Europa.
– Steng institusjonane no, ropte ho etter å ha høyrt på EU-kommisjonær for likestilling Helena Dalli tale til paraden på veg ned Brüssels gater.
Vi møtte NATO-sjefen
Onsdag, undervegs i Independent Living-konferansen sneik nokre av deltakarane frå Noreg seg ut av konferansesalen. Takka vere Ulobas reiseselskap Freedom Express hadde vi fått eit møte med NATO-sjef Jens Stoltenberg utanfor bustaden hans i Brüssel. Vi nytta høvet til å minne Stoltenberg på pliktene Noreg har etter FN-konvensjonen for funksjonshemma sine menneskerettar til å hjelpe òg funksjonshemma flyktningar frå krig og konflikt, og informerte om tiltaka Uloba kan bidra med.
– Det er eit viktig bodskap som eg skal ta med meg, og det skal eg sette meg endå meir inn i, sa Stoltenberg.
Status Sverige og Noreg
Uloba fekk òg vere med den svenske delegasjonen frå Stiftarna av Independent Living i Sverige (STIL), Independent Living Institute (ILI) og ungdomsnettverket ENIL Youth, i eit eige møte i ein av dei store salane i EU-parlamentet.
– Vi er på veg tilbake til slik situasjonen var på 90-talet, sa Jonas Franksson frå STIL.
Representanten frå ENIL Youth, ENILs ungdomsnettverk, Nora Eklöv løfta fram situasjonen for unge funksjonshemma.
– Det er vanskeleg å vite kva rettar ein har, og endå vanskelegare å sikre at ein får oppfylt dei rettane. Den informasjonen må ut til fleire unge. Utdanning og arbeid er nøkkelen til å unngå å hamne i fattigdom, sa ho.
Workshops, parade, høyring og fest
Årets Freedom Drive bestod av tre stappfulle, engasjerande dagar. Til saman kunne deltakarane få med seg sju workshops om aktuelle tema for funksjonshemma- og Independent Living-rørsla. Uloba har òg delteke på to møte om tilstanden for funksjonshemma i ulike Europeiske land, derav ei høyring, i EU-parlamentet. Vi har delteke på konferanse om framtida for rørsla og andre tema for årets Drive, og på fest til minne for tidlegare ENIL-leiar Kapka Panayotova som plutseleg gjekk bort i haust.
Lese meir om Freedom Drive? Her finn du meir om kampanjen (ekstern lenke)